Arego
kw:!support_us

Oppdatering frå verdensmeisterskapet i Doha

26.09.2019 |Nils Hetleflåt

For tida ligg den norske troppen i Doha og venter på verdsmeisterskapet som skal starta i morgon, fredag 27.september. Tom Erling Kårbø har vore i Doha sidan 17.september og forberedt seg til dette meisterskapet. Det norske laget budde først på St. Regis før dei flytta over Wyndham etter å ha vore innom VM hotellet Ezdan I nokre få timar. 

Tom Erling på precampen til å venna seg til varmen, som har vore mellom 32-38 grader og den høge luftfuktigheten, som har vore nær 90 % på det høgaste. Han har trent innandørs om morgonen på tredemølle, medan han har løpt ute på kveldstid. Elles har dagane godt med til å slappa av på rommet, spisa og sett på seriar på tv. 

Han har og vore på Kalifa stadion for å gjera seg kjent med prosedyrane som er i forkant meisterskap og som møter han på konkurransedagane. Då kan han setta opp sin eigen plan frå han dreg frå hotellet med buss til stadion og korleis han skal gjennomførra oppvarminga  i forhold til tidsaspektet som heng over dei med ulike fristar før dei kommer inn på stadion. 

Kontakt
Kalendar