Arego
kw:!support_us

Oppsummering andre dag i mailekene i Haugesund

25.05.2015 |Nils Hetleflåt

Det var langt frå dei beste forholda under andre dag av årets maileker i Haugesund, men utøvarane frå Stord presterte mange gode resultater. 

I jenter 11 år var det Sofie Skard som deltok og ho sprang inn til ny pers på 600m med tida 2,23,87, medan det i lengde vart 3,33 m.

I jenter 12 år var det 3 utøvarar frå Stord og det var Ida Holm Neset, Maria Nerhus Bjelland og Mathilde Almås. I motvinden på 200m vart det litt bak pers for Ida og Maria, medan Mathilde satte ny pers. Tidene vart hhv 31,99 for Ida, 32,42 for Maria og 33,78 for Mathilde. I lengde hoppa Ida 3,80m, medan Maria sprang 1500m på 6,01,61. Saman med Sofie sprang jentene inn til 2.plass på 4x60m stafett i 12 årsklassen.

Tone S. Brakedal vann kula i J 16 med resultatet 9,12m som er årsbeste, medan Tuva Skulstad i J18/19 satte pers på 100m med tida 14,05. Mari Aa. Nesse vann 1500m med tida 4,51,69 i klasse J18/19.

Joakim M. Grutle sprang inn til tida 12,05 på 100m i G18/19

Stord stilte med eitt jentelag i 4x60m stafett for jenter 11/12. Laget vart nr 2 med tida 37,65, medan vinnarlaget Lye sprang inn til tida 37,15. For Stord sprang Ida Holm Neset, Mathilde Almaas, Sofie Skard og Maria Nerhus Bjelland

Alle resultat frå dag 2 kan ein finna her: http://webres.andro.no/mailekene/2015/

 

Kontakt