Arego
kw:!support_us

oppsummering av andre dag i Värdsungdomsspelen i Gøteborg 1/7

04.07.2017 |Nils Hetleflåt

Etter ein vindfull fredag våkna ein opp til strålande sol og ein temperatur som steig til over 25 grader på dagen.

Tone S. Brakedal (18) starta med 100m forsøk og sjølv om ho var litt "treg" i starten så sprang ho inn til 12,62 og ny pers. Med dene tida så kvalifiserte ho seg til b-finalen seinare på dagen. I b-finalen så fekk ho til ein god start og sprang flott nedover oppløpssida og kom i mål som nr 5 med den flotte tida 12,46. Desverre så viste vindmålaren +2,9, over det som ein kan godkjenne som lovleg vind.

julian S. Aasheim (14) var i aksjon på 80m og med tida 10,00, som er ny pers,  sprang han inn til 17.beste tid i forsøket og kvalifiserte seg til b-finalen seiare på dagen. i b-finalen sprang han inn til tida 10,03 og det holdt til 5.plass i løpet. På ettermiddagen så konkurrerte han i 15-årsklassen i tresteg og med resultatet 11,62, som var ny pers, kom han på 10.plass etter 3 omganger og gjekk ikkje vidare til finalen.

Pernilla E. Epland stilte på 1500m i dag og sprang i det beste heatet. Etter ein forholdsvis roleg første runde vart farten skrudd opp på den neste 400m og feltet delte seg i to, der Pernilla hanma i det bakerste feltet. Ho kjempa for plassen sin og kom i mål på tida 4,35,76 og 11.plass.

Kontakt
Kalendar