Arego
kw:!support_us

Oppsummering av første dag på Framolekene

03.06.2017 |Nils Hetleflåt

Under første dag av Framolekene var det lett yr og eit lite vindpust, samt ein kjøleg temperatur som møtte deltakarane på Fana stadion. Utover kvelden vart det betydeleg surare forhold.

Tone Sandtorv Brakedal (18) var første  deltakar frå Stord i aksjon i dag og øvelsen var 100m hekk. Etter ein god start, fekk ho ein god flyt på løpet sitt og sprang inn til 15,02s, noko som var pers med over 6 tidelar og 2.plass i løpet. To unge debutantar i jenter 13 år på 200m var dei neste som var i elden og det var Ingvild Ekse og Nora K. Kroka. Dei sprang i det 3.heatet og plasserte seg som nr.1 og nr.8 med tidene 30,76 og 35,17, totalt holdt det til 9.plass for Ingvild og 24.plass for Nora. Tone var neste deltakar ut på 200m og med bane 6 i heatet fekk ho ein god start og stod distansen betre enn kva ho har gjort før og det vart belønna med ny pers på 26,98 og første gong under 27 sek.

I gutar 14 var Erlend Kringeland plassert i bane 8 iførste heat og det løyste han på ein overtydande måte med å springa inn til klar heat seier og med tida 26,36 vart det pers med over 1,3sekund. I heat 2 fekk Julian bane 6 og han fekk ein god start og ut på oppløpssida låg han 1 m bak leiaren, men med sterk avslutning sprang han inn til heat seier på sterke 24,99 og første gong under 25 sek. Julian vann klassen og Erlend kom på 5.plass Jacob hadde meldt seg opp i menn senior klassen for å få god pes. I første heat hadde han fått bane 7 og ut på oppløpssida låg han eit par meter bak teten og det auka litt inn til mål. Sluttida vart 23,07 og ny pers med 27 hundredelar.

På 800m sprang Arne Jordåen (17) og Vegard Havn (MS) i same heat og etter to jamne rundar på Arne sprang Arne inn som vinnar på 2,04,23 og pers med over 2 sekund, medan Vegard kom inn til 7.plass i heatet med tida 2,09,85 og kjempe pers. I a-heatet var Lars Lunde (MS) og Jacob Hystad (MS) på plass. Lars sprang inn til 5.plass med tida 2,00,00 og Jacob til 2,06,48 og 12.plass. Totalt vart det 5.plass til Lars, 13.plass til Jacob og 16.plass til Vegard i senorklassen.

I tresteg gutar 14 års debuterte Julian og han fekk ein god og jamn serie der lengste hoppet på 11,58m holdt til seier og var samtidig ny pers.

Kontakt
Kalendar