Arego
kw:!support_us

Oppsummering av Framolekene 2016

05.06.2016 |Nils Hetleflåt

Årets Framoleker er overstått for utøvarane frå Stord og det vart ei helg med mange sterke resultat og perser. Med ei flott ramme rundt arrangementet og med høg temperatur frå ei sterk sol låg alt til rette for eit kvalitetsstemne. Frå Stord IL stilte denne helga følgjande til start: Ida Holm Neset, Tone Sandtorv Brakedal, Julian Skimmeland Aasheim, Ole Christer Kvellestad, Arne jordåen og Jacob Hystad.

Tone var først i aksjon på fredag 3.juni med 100m hekk og i svak motvind så persa ho til 15,40 sek og vart med det nr 3 i J-17 klassen. Deretter var det rett over på tresteg konkurranse og med resultatet 10,75 m vart det 2. plass  i konkurransen. Ida sprang 200m i J-13 klassen og med tida 29,84, som er årsbeste, vart det totalt ein 8.plass av 17 fullførande løparar.

Julian stilte opp på 200m som første øvelse denne dagen og med den sterke tida 25,86 vann han klassen og satte ny personleg rekord med over 8 tidelar. I tresteg konkurransen var og suveren og vann med resultatet 11,14m. På 800m i G-16 var det to representanter frå klubben med, Ole Christer og Arne. Dei sprang jamnt og fort og kom inn til tidene 2,07,61 for Arne og 2,10,54 for Ole Christer, noko som gav 4. og 6.plass i klassen. Ny personleg rekord for begge to med 6 sekundar og Arne kvalifiserte seg for UM på distansen.

Tone starta laurdagen med å sette ny årsbeste i høgde då ho hoppa over 1,51 m og det gav 2.plass i konkurransen. På 60m var ho for rask ut av blokkene og dermed diskvalifisert på denne distansen. I kulekonkurransen vart resultatet 10,41 m, som gav 3.plass og ny personleg rekord.

Julian opna dagen med ein ny pers på 60m hekk med sterke 9,64 i svak motvind og gav ein ny seier. I lengdekonkurransen vart resultatet 5,12 m og det holdt til ein ny 1.plass. På 60m, som foregjekk i ein svak motvind, vart resultatet 8,32s og ny personleg rekord. Han vann distansen med 0,16 s foran nummer to  i klassen.

På 1500m var det Arne som var først i aksjon og det var godt og varmt for løparane då temperaturen viste 25 grader i skyggen og heile banen låg bada i solskinn. Med tida 4,29,46 vann Arne løpet og var like bak sin personlege rekord. Jacob sprang i seniorklassen og det var eit stort felt på startstreken med 19 løparar. Etter eit jamnt og godt gjennomført løp ( rundetider på 65,4-66,2-66,6) kom han inn til tida 4,07,04 og ny personleg rekord. Det gav ein 7.plass i feltet.

 

 

Kontakt