Arego
kw:!support_us

Oppsummering av kretskampen for 13-14 åringar på Osterøy

10.09.2017 |Nils Hetleflåt

Det vart to utøvarar frå Stord, Julian Skimmeland Aasheim (14) og Sofie Skard (13) som reiste til Osterøy og kretskamp mot Rogaland, Agder fylka og Sogn og Fjordane for 13-14 åringar.

Sofie Skard starta laurdagen med 60m hekk som vart unnagjort på 11,52s og det holdt til 7 beste tid i forsøkeet og det var dei 6 beste som gjekk vidare til finalen. I kula vart det ein 9.plass med resultatet 8,12m 

Julian starta med 80m hekk og han var beste utøvar i forsøket med resultatet 11,95. I finalen gjekk det hundredelen raskare og han vann løpet.

På søndag var det Julian som var først i aksjon med tresteg. Her hoppa han han godt og flytta sin personleg rekord frå 12,06m til 12,38m, men det lengste hoppet hans måla 12,41m i litt for mykje medvind. På 200m hekk var Julian suveren og han kom i mål på tida 27,22s som var ny pers med 28 hundredelar. 

Sofie starta med spyd og der oppnådde ho resultatet 18,98m og 7.plass i klassen. I høgde fekk ho ein god 4.plass med resultatet 1,41m og flytta pesren sin med 1 cm.

 

Kontakt