Arego
kw:!support_us

Oppsummering av Mailekene i Haugesund 21.-22.mai

23.05.2016 |Nils Hetleflåt

Under helgas maileker i Haugesund så var Stord IL representert med 7 utøvarar: Mathilde A.Amundsen (10), Sofie Skard (12), Ida Holm Neset (13), Tone S. Brakedal (17), Alfred T. Eide (11), Sverre Stautland (11) og Julian S. Aasheim (13).

Laurdagen starta med brukbart vêr, men det var ein ganske så sjenerande vind som øydela ein del for sprinten. Ut påettermiddagen kom og regnet og det vart dermed ganske ufyseleg.

Først i aksjon var Mathilde (10) som konkurrerte i J-11 i kula og det endte med 4.plass og ny pers på 7,20m. Alfred debuterte i hekk og han kom frå det med ein fin 3.plass. Sofie sprang inn til ny pers på 60m med tida 9,53, noko som gav 14.plass. På 60 m i G-11 vart det pers på Alfred med 10,57, medan Sverre sprang inn til 11,30. Julian (13) fekk hjelp av litt for mykje vind då han nådde heile 5,53 m i lengde og med sikra seg 1.plass. Han vann også 60m og 60 m hekk første dag. Tone sprang inn til ny pers på 100m hekk med tida 15,86, og sprang seinare inn til ida 27,72 i litt for mykje vind. Ida starta seint på dag og fekk tida 1,57,22 i heller dårlege forhold på 600m og det gav 4.plass.

Søndag var det lite vind, men forholsvis vått i Haugesund. Julian opna dagen med ein ny pers på 200m med tida 26,72 og sikra seg ein seier og pers. Like etterpå var han i aksjon i høgde og det gav ein ny seier med resultatet 1,50m. På 600m vart det gode resultat på både Sverre med 2,13,51 og Alfred med 2,14,67 begge like bak pers. For Mathilde vart ein kraftig pers forbetring på 600m med tida 2,18,46. Tone var i aksjon i kula kor ho for første gong passerte 10m streken, då kula landa på 10,29m. På 100m vart det og ny pers med tida 13,01, som er ny lagsrekord for klubben, medan i lengde vart det ikkje noko fullklaff med resultatet 4,78m. Sofie hadde in god dag med pers både i lengde med resultatet 3,90 m og i kula med 6,42m

Julian oppnådde bestemannspremiar for gutar 11-14 år i både hekk og hopp for sine resultat i 60 m hekk og lengde .

Alle resultat finn ein her: http://webres.andro.no/Mailekene/2016/

 

Kontakt
Kalendar