Arego
kw:!support_us

Oppsummering av resultater forrige helg

09.09.2016 |Nils Hetleflåt

På UM 15-19 år i Sandnes var det Tone Santorv Brakedal (17) som nådde høgast opp på resultatlista.

På fredag 2.september var ho først i aksjon på 100m hekk kor ho sprang inn til ny personleg rekord i forsøket med tida 14,87. Det holdt til 3.plass i heatet og totalt 5.beste tid i forsøket. To timar etter var det klart for forsøk på 100m og her sprang ho inn til 1.plass med tida 12,73 medlitt for sterk medvind, slik at resultatet ikkje vart godkjent. På ettermiddagen var det klart for finale på 100m hekk og her vart det 6.plass til Tone med tida 15,16. Ein time etter var det på nytt klart for finale for Tone og no på 100m. Med ein dårleg start med "snublesteg" vart det ein 6. plass med tida 12,87 i litt for sterk medvind.

På laurdag etermiddag var det klart for 800m  i gutar 16 år med Ole Christer Kvellestad og Arne Jordåen. Dei var begge i det første heatet og etter ein sterk første rnde på hhv 61,5 på Ole og 63 s på Arne vart det tyngre på den andre runden. Ole Christer sprang inn til 9.plass og ny pers med tida 2,08,84 medan Arne kom i mål på 2,16,37 og 11.plass i heatet.

Søndag 4.september var det klart for den 29.utgaven av Stordløpet, som vart arrangert i flott haustvêr etter ei lengre tid med regn. Raskaste løpar i 12 km løypa var Arnfinn Aadland som sprang inn til tida 45,53 min føre Vegard Havn og Martin Schei. På 6 km løypa var det Trym H. Gurigaard som var rasakst med ei tid på 21,52 min og Roar Pedersen og Nicolay Mæland fulgte på dei neste plassane.

På måndag 5.september var Tom Erling Kårbø på Osterøy og sprang 1000m. Han sprang inn til tida 2,27,63, noko som var ny personleg rekord og han vann løpet med over 1 sekund.

På seriestemne på Stord 5.september vart det mange nye personlege rekordar, her viser me til resultatlista som du finn ved å trykka her.

Kontakt