Arego
kw:!support_us

Oppsummering av UM 15-19 år på Fana stadion etter 3 dagar, 2 medaljer på Stord

02.09.2017 |Nils Hetleflåt

Under første dag av UM på Fana stadion var Tone S. Brakedal først i aksjon på 100m forsøk i J18/19. Ho sprang inn til 3.plass i heatet med tida 12,66 og gjekk vidare til finalen som 8. beste løpar. I finalen på kveldan sprang ho på tida 12,78 og det gav 8.plass. Like før 100m finalen var ho med i lengde og det gav 11.plass med resultatet 4,97m . 40 min etter finalen var ho klar for finalen på 100m hekk og det resulterte i ein 5.plass på tida 15,39s. Her var ho uheldig og sparka kraftig i hekk nr. 7 med trekkfoten, noko som gav eit slag i kneet. 

På 100m for G-16 presterte Jacob eit godt forsøk, der han vann sitt heat med tida 11,31 og han vart dermed klar for finalen seint på kvelden. I denne finalen sprang Jacob eit godt gjennomført løp og han kom inn til 2.plass med tida 11,31. Dette er den første medaljen Jacob har fått i UM og han var svært nøgd med plasseringa si.

På andre dag så måtte Tone stå over 200m etter pga eit "stivt" kne etter uhellet sitt på 100m hekk kvelden i førevegen. Jacob måtte først ut i forsøksheat på 200m som han vann med tida 23,69s og dermed klar for semifinale seinare på dagen. I semifinalen sprang Jacob inn til 3.plass ig dermed klar for finale på søndag.

Celina Hauge Vatna debuterte i spyd der 12 kastarar var på plass for å gjera opp om sigeren. Celina prestert godt i alle sin kast og flytta persen sin opp til 31,10 m og det gav henne ein flott 5.plass i 15-årsklassen. På 2000m hinder fekk Ole Christer Kvellestad det tungt etterkvart og han gav seg etter ca 1450m.

Også på tredje dagen av UM var det eit strålande vêr som møtte deltakarane på Fana stadion. Først i aksjon frå Stord var Arne Jordåen på 800m i G-17 og han var i heat 1. Det gjekk fort frå start av og Arne passerte 200m på ca 28,5 og var då midt i feltet. Oppover mot 400m avanserte han til 4.plass og passering var på 58,5s, men mot 600m var det tomt på tanken og sjølv om passering var på 1,31 vart siste 200m lange og tunge. Arne passerte målstreken på 2,10,95.

Jacob Vaula var klar for finalen på 200m i G-16 etter to gode løp på laurdagen og han var plassert i bane 7. Han kom godt ut i starten og ved utgongen av svingen låg han på 4.plass men han kjempa godt oppover oppløpssida og han sprang i mål på 3.plass med tida 22,88. Han var godt fornøgd med gjennomføringa av dette løpet og han stod distansen heilt til målstreken. Med denne plasseringa så tok Jacob med seg heim 2 stk medaljer frå UM og han var svært godt fornøgd med helga.

 

Kontakt