Arego
kw:!support_us

Oppsummering første dag frå mailekene i Haugesund

23.05.2015 |Nils Hetleflåt

Utøvarane frå Stord satte mange nye personlege rekordar på Haugesund stadion under kjølige forhold og med sjenarande vind. I 11 årsklassen for jenter var Sofie Skard og Tuva Eskeland i aksjon og det vart ny personleg rekordar for begge to i kula, liten ball, medan Sofie satte og rekordar på 60m og 60m hekk.

I 12 årsklassen vart det nye personlege rekordar på både 60 og 600m for Maria Nerhus Bjelland og på 600m for Ida Holm Neset.

I 18/19 årsklassen vann Mari Aarskog Nesse 800m på ei tid som var betre enn fjorårets årsbeste.

I G12 vart det nye persar for Willy Andre Lorentsen Mosheim i alle tre øvelsane han stilte opp på. I G14 vart det litt for mykje medvind for Runar til at det vart godkjent pers på 60m for hans del. Joakim Moss Grutle var litt bak sine perser på sine to øvelsar som var 200m og lengde.

Resultat finn ein her: http://webres.andro.no/mailekene/2015/

 

Kontakt