Arego
kw:!support_us

Oppsummering første dag på Värdsungdomsspelen 2017

01.07.2017 |Nils Hetleflåt

Frå Stord så var alle deltakarane, Pernilla Eugenie Epland, Tone Sandtorv Brakedal og Julian Skimmelnad Aasheim i aktivitet denne dagen. Gøtebrog kunne varte opp med overskya og fin temperatur, men ein kraftig vind som øydela for mange øvelsar.

Julian var først i aksjon i lengdegropa og det var totalt nær 60 deltakarar som deltok. Dei 16 beste skulle vidare til finale på ettermiddagen. Julian oppnådde serien 5,25; 5,17 og 5,01 i sine hopp og det gav 17.plass i konkurransen.

Tone var den neste av Stord utøvarane i aksjon og dei var 45 deltakarar i klassen. Tone sleit med å treffa satsplanken og ho fekk tre overtråkk. Dermed vart det ingen resultati protokollen for henne.

På 3000m for kvinner var Pernilla Stord sin deltakar og det var eit stort felt som satte avgårde i vindbygene som for inne på stadion. Farten på første 1000m var 3,10, men etter dette dabba den av og passering 2000m var på 6,30. På den neste runden slapp Pernilla teten som då vart ein trio, medan Pernilla vart springande åleina i feltet. Til mål kom ho på 9,53,15 og 4.plass. 

 

Kontakt