Arego
kw:!support_us

Oppsummering første og andre dag av Pingvinlekene

11.02.2017 |Nils Hetleflåt

Det var fleire sterke resultat av Stord sine utøvarar på første dag av Pingvinlekne i Leikvanghallen.

I 16-årsklassen sprang Jacob Vaula på sterke 7,20 og forbetra persen sin med 0,1 sekund. Dette resultatet gav han 2.plass i klassen. I superfinalen seinare på dagen vart tida 7,43 og det gav 7.plass.

Tone Sandtorv Brakedal sprang på sterke 7,95 i forsøket og tangerte dermed persen sin på 60m og det holdt til siger i J18/19.  I superfinalen, som ho vann, vart tida 8,12. I lengde landa ho på 5,24m og med det resultatet vann ho klassen sin.

Nye personlege rekordar vart det på følgjande: Erlend Kringeland i G-14 med tida 8,52 på 60m, Isak Vaula i G-11 med 9,80 på 60m, Pia Vaula i J-9 med 10,90 på 60m og Andreasa Kringeland i G-9 med 11,21 på 60m.

Oppdatering etter andre dag av Pingvinlekene:

Tone opna med sterke 7,95 i forsøket på 60m, noko som er tangering av pers og i finalen vart det 8,12. Det holdt til siger og vinnar av DNB øvelsen. I høgde vart det personleg rekord med resultatet 1,55 og det samme vart det i kula, der ho støtte 9,50m. I lengdekonkurransen vart resultatet 5,24. Desse resultata lover godt foran neste helg kor NM mangekamp går av stabelen. Lars var med på kula kor han støtte 7,95m og på 600m sprang han inn til tida 1,28,11

Alle resultat finn ein på http://www.gneist.org/Pingvin2017/Resultater/Res.php

 

Kontakt