Arego
kw:!support_us

Oppsummering frå Oordegem

30.05.2017 |Nils Hetleflåt

Under flotte forhold i den belgiske byen Oordegem sprang Tom Erling Kårbø 3000m hinder laurdag kveld. I eit felt med 33 løparar på startstreken var det temmeleg mykje knuffing ut frå start og farten var høg for å finna seg posisjonar. Tom Erling opna friskt og låg rundt 8.plasss i feltet med ei passering på 69,5s på ein lang runde. Deretter var det 68 s på dei to neste rundane og likt til skjema på 8,32 min. Dette skulle imidlertid visa seg å vere litt for hard opning av løpet og med 70,0-70,6-71,7 på dei 3 neste rundane var håpet om kravet ute for lengst. Han klarte å tyna ut litt ekstra på siste 600m, men på langt nok det som krevdes.

Etter løpet var han naturleg nok skuffa, for han hadde håpa på at tida i alle fall skulle vere betre enn dei 8,41,14 som han fekk. Totalt gav det han 18.plass, der vinnaren sprang på høge 8,29 og kor 5 løparar var under VM-kravet på 8,32.00.

Neste utfordring for Tom Erling vert no 5000m i Nijmegen på fredag 2.juni, der målet er å setta pers og prøva å komma seg under 14 min. Persen er på 14,08 og nokre tidelar

Kontakt