Arego
kw:!support_us

Oppsummering frå senior NM i Haugesund 31.7-2.8 2015

05.08.2015 |Nils Hetleflåt

Under første dag av NM i Haugesund var det Lars Lunde frå Stord IL som var i aksjon på 1500m forsøk. han sprang i det første av to forsøksheat og der dei 6 beste løparane gjekk vidare til finalen på laurdag. Lars hang med på dei to første rundane, men då farten vart skrudd opp klarte han kkje å henga med. Han kom inn på 10.plass med tida 4,12,63.

Første mann i aksjon på andre dag av meisterskapet var Thomas Heggøy som sprang i det første forsøksheatet på 800m. Etter passering på ca 57 på 400m vart det ei luke der 3 løparar kom seg i frå hovudfeltet, kor Thomas låg plassert. Denne luka klarte aldri hoved feltet å hente inn og Thomas kom inn på 5.plass med tida 1,55,84. 

På siste distanse kor Stord hadde med løparar var 3000m hinder, der Tom Erling og Harald Kårbø samt Lars Lunde stilte. Farten var låg i den sjenerande vinden som for over banen og med passering på 3,03 første km var det eit samla felt som sprang. Etter kvart vart det luker i feltet og Lars Lunde stod av løpet etter ca 3 og ein halv runde, medan det var ein duo i tet no beståande av Tom erling Kårbø og Bjørnar Kristensen frå Sandnes IL. Desse to holdt følge heilt til mål kor det skilte 7 hundredelar i favør av Bjørnar og sluttida til Tom Erling vart 9,03,25 som gav 2.plass .Harald sprang inn til 3.plass med tida 9,16,93.

Stord enda opp med 1 sølv og 1 bronse i meisterskapet.

Kontakt
Kalendar