Arego
kw:!support_us

Pallplasseringar på andre dag av Tyrvinglekene

16.06.2018 |Nils Hetleflåt

Under andre dag av Tyrvinglekene oppnådde Julian Skimmeland Aasheim (G15) to pallplasseringar. På 100m hekk sprang han inn til tida 14,02 som er 2 hundredelar under gjeldande pers, men medvinden var over det tillatte. På 200m sprang han inn til 3.plass med tida 23,93 og han braut for første gong 24sekunders grensa og flytta persen sin frå 24,55.

Erlend Kringeland (G15) sprang inn til 4.plass i heatet sitt på 800m og han kom inn på tida 2,09,37 og betra persen med litt over 1,2 sekund. Totalt vart det 12.plass Erlend på distansen. Vegard Havn (MS) sprang inn til tida 2,10,81 på 800m og det holdt til 10.plass i heatet og 42.plass totalt i klassen.

Kontakt