Arego
kw:!support_us

Pernilla braut 10000m

11.07.2019 |Nils Hetleflåt

Pernilla fekk problem med ei krampe i venstre lår og måtte stå av 10000 meteren etter 7600m. Ho var skuffa over dette men ho såg ingen annan mulighet enn å gi seg sidan det var smerter å springa.

Frå start av var det god fart i feltet og Pernilla og Maria (den andre norske deltakaren) låg på halen av feltet som passerte første 1000m på ca 3,18. Ved passering 2000m på ca 6,40 hadde ho sluppet hovedfeltet og ho låg i ei gruppa på 4 løparar kor det var ho som førte an i front. Rundetidene etter dette gjekk litt opp og veksla mellom 81 og 83 s på rundane og passering 5000 var på ca 16,55, noko som var omtrent på skjemaet som me hadde lagt opp til på førehånd. No gjekk Maria forbi Pernilla og ho klarte ikkje å følgja henne og dermed spratt rundetidene opp med 3-5 sekund på rundane. Etter som sagt 7600m var det ingen vits å fortsette då smertene gjorde at ho ikkje fekk noko naturleg steg avvikling lengre.

 

 

Kontakt
Kalendar