Arego
kw:!support_us

Pernilla med sølv i lag unde Nordisk meisterskap i terrengløp

16.11.2017 |Nils Hetleflåt

På veg frå Stord til danske Middelfart vart Pernilla Eugenie Epland klar for å representera Noreg under Nordisk meisterskap i terrengløp. Grunna eit skade forfall på ein av dei uttekne løparane gjekk Pernilla frå klubbløpar til landslagsløpar på turen.

Løypa i danske Middelfart gjekk i eit parkområde ved Fænø strand og i kvinneklassen var det 2 og ein halv runde på 3 km som skulle gjennomførast noko som gav ei total lengde på 7,5 km. Det var ei løypa som bukta seg fram og tilbake i slynger med mange svingar og det var ei teknisk løype med mange akselrasjonar og nedbremsingar og den skilde godt mellom løparane.

Det var totalt 51 løparar som fullførte løpet ikvinneklassen, som også var eit løp innlagt i den nasjonale terrengløpskarusellen i Danmark. Pernilla la seg i starten i ei gruppa bak tet kvintetten og etter som løpet utvikla seg delte denne hovedgruppa seg opp i mindre grupper og på Pernilla låg og kjempa rundt ein 10.plass. Ved målpassering var ho nr 11.totalt i løpet, medan ho vart nr.9 i sjølve Nordisk meisterskap. Dette var på grunn av ein løpar frå Storbritania og ein klubbløpar frå Danmark var foran henne i mål.

Dei norske løparane i kvinneklassen gjorde ein god laginnsats med 20 plass sifferpoeng og den vart lønna med ein sølvmedalje i lagkonkurransen, etter vinnaren Sverige med 12 plass sifferpoeng men foran arrangørlandet Danmark med 21 plass sifferpoeng.

Resultat lista finn du her: http://live.ultimate.dk/desktop/front/index.php?eventid=3827&ignoreuseragent=true

Kontakt
Kalendar