Arego
kw:!support_us

Rapport 2.dag frå Mailekene i Haugesund 25.mai

27.05.2014 |Nils Hetleflåt

Utøvarane frå Stord gjorde sine saker godt på 2.dag av Mailekene i Haugesund og reiste heim med mange personlege rekordar. På 600m i J-11 kom Ida Holm Neset under 2 min for første gong i karrieren, medan Maria Nerhus Bjelland sprang inn på 2,05 i sin debut på distansen. Dei var bege med på stafettlaget 4x60m i J11/12 saman med Marie Aadland Djuve og Sofie Skard. 

Av dei eldste utøvarane så sprang Joakim Moss Grutle inn på tida 11,52 på 100m og var med det 1 hundredel bak personleg rekord. Asbjørn Lunde dy kom inn på tida 12,02 i det same løpet og var 2 hundredeker bak pers.

For alle resultat frå dag 2: http://haugesundil.no/friidrett/mailekene-2013/2014-2/

 

Kontakt