Arego
kw:!support_us

Rapport dag 2 på NM junior Fredrikstad

09.08.2014 |Nils Hetleflåt

På 1500m finale i menn junior U-20 var det Lars Lunde og Lars Jonassen Føyen som representerte Stord. Det var lav fart frå start av og feltet låg i ein klump etter første runde, der det var mykje knuffing mellom løparane. Dette var og stoda etter passering 800m, og ut på 3.runde vart det eit fall i feltet i det farten vart satt opp og Lars J.Føyen som låg bak i feltet kom ut av balanse i det han tråkka over. dermed mista han feltet. Lars Lunde avanserte til 3.plass ved passering 1100m og holdt god fart, men når farten vart satt opp enda eit hakk etter 1300m mista han terreng til teten. Lars L. sprang inn til 7.plass og Lars J.Føyen til 9.plass der tidene var hv 4,10,66 og 4,15,12.

I lengde var Joakim Moss Grutle i aksjon og han enda på 8.plass med resultatat 6,27m. Dette var 3 cm bak årsbeste fo rJoakim sin del.

Kontakt