Arego
kw:!support_us

Rapport frå dag 1 i Värdsungdomsspelen i Gøteborg

27.06.2014 |Nils Hetleflåt

Under første dag av Värdsungdomsspelen i Gøteborg var det 3 utøvarar frå Stord IL som var i aksjon. Lars Lunde sprang 2000m hinder og han kom i mål på tida 6,07,35 og det holdt til 2.plass i klassen. Dette var ny personleg rekord med over 10 sekund og under kravet til senior-Nm, som går av stabelen på Jessheim 22.-24.august. Mari Aarskog Nesse debuterte på 3000 m hinder og det gjorde ho med tida 11,07,39. Dette gav ein 7.plass i seniorklassen. Lars Jonassen Føyen debuterte på 5000m og sprang i seniorklassen. Han gjekk bort og vann heile løpet og sprang inn til tida 14,41,67.

Andre utøvarar frå Stord som og er på plass i Gøteborg er Asbjørn Lunde dy, Erlend Mæland og Sondre Mæland. Desse skal i aksjon i morgon og på søndag

Kontakt