Arego
kw:!support_us

Rapport frå dag 2 i Värdsungdomsspelen

29.06.2014 |Nils Hetleflåt

Det vart fleire nye persar på løparane våre i dag. Lars Lunde sprang inn til 4.plass på 1500m i P17 og det gjorde han på tida 4,00,53, noko som er ny personleg rekord med over 2 sekund. Han nærmar seg den "magiske" 4 minutters grensa. Erlend Mæland (18) sprang inn til tida 4,23,84 i klassen P19 og det er ny personelg rekord med nær 7 sekund, plasseringsmessig vart det 28.plass. Lars Jonassen Føyen sprang inn til 3,59,76 på sin 1500m og plasserte seg som nr. 11 i seniorklassen. Mari Aarskog Nesse sprang inn til ny årsbeste med 4,43,54 og 13.plass i seniorklassen.

Sondre Mæland sprang 400m på Nya Ullevi denne kvelden og det gjekk unna på 54,09, og det er årsbeste for Sondre. Det holdt til 26.plass i P19. Asbjørn Lunde dy støtte kula og med resultatet 11,98m vart det 8.plass i P19.

Kontakt