Arego
kw:!support_us

Rapport frå Framolekene 28.-31.mai

28.05.2015 |Nils Hetleflåt

I dag starta Framolekene 2015 og det skal holda på i 4 dagar. Frå Stord er følgjande påmeldt: Mari Aa. Nesse, Lars Lunde, Sondre E. Øvrebø, Kasper A. R. Tonning, Saga E. R. Tonning, Maria N. Bjelland, Marie Aa. Djuve, Ida H. Neset, Julian S. Aasheim og Tom Erling Kårbø.

Mari Aarskog Nesse var i aksjon på 3000m hinder i dag  og ho sprang eit godt løp der ho kom inn til tida 11,08,91. Å springe åleina og med litt rask opning fekk ho det tøft på 5. og 6. runden, men det var krefter igjen i kroppen og med ein god siste runde kom ho inn ca 9 sek bak persen frå 2014. 

På laurdag 30.mai var det dei yngste som var i aksjon, med jentene i 12-årsklassen samt i jenter 10 år og gutar rekrutt. På 60 m sprang Ida inn til 5.plass med tida 9,10 som var ny pers, Maria kom inn på tida 9,58 som gav 13.plass og Marie på 9,67 som var ny pers og holdt til 16.plass. I lengde vart det 13 plass på Ida med resultatet 3,69m og Marie satte ny pers med resultatet 3,28 og det vart 23.plass. På 600m sprang Ida inn til seier med tida 1,53,60 og ny pers, med Maria på 5.plass med tida 1,56,10 og ny pers. I jenter 10 år sprang Saga inn til tida 10,86 som er ny pers og i lengde vart det 2,85 m. I gutar rekrutt 8 år sprang Karsper inn til tida 10,45.

På søndag var det årsdebut for Tom Erling Kårbø på 3000m og med tida 8,44,52 sprang han inn til 5.plass i menn senior. Han mista teten allerede etter 200m og vart springande mykje åleine i dette løpet.

Kontakt