Arego
kw:!support_us

Rapport frå Haugesund Sparebank cup 17.09.2014

17.09.2014 |Nils Hetleflåt

I kveld vart årets siste Haugesund Sparebank cup, det fjerde i serien, arrangert av Haugesund IL-friidrett i eit flott haustvêr. Det var 5 utøvarar frå Stord som stilte opp og alle var i 11-årsklassen. Julian Skimmeland Aasheim starta med lengde og han satte ny pers med 4,27m. I lengde for jenter 11 år vart det resultata som følger: Ida Holm Neset 3,50m, Anissa Olsson 3,24 m (pers), Maria Nerhus Bjelland 3,12 m (pers), Maria Aadland Djuve 2,98m. I høgde vart det 1,30m for Julian. På 60m for jenter 11 år vart resultata: Ida 9,41; Maria 9,95; Marie 10,07; Anissa 10,16. I  kule jenter 11: Marie 5,34 m og Anissa 3,99m.

På 600m kjempa dei to jentene Ida og Maria hardt og begge sette nye personlege rekordar på 1,59,24 og 2,01,66 og det holdt til 2. og 3.plass.

Dei to jentene Ida og Maria er godt fornøgd etter løpet på 600m:

Kontakt
Kalendar