Arego
kw:!support_us

Rapport frå nordisk juniorlandskamp i Kristiansand

20.08.2014 |Nils Hetleflåt

Våre to utøvarar frå Stord IL som representerte Noreg i nordiske junorlandskampen i Kristiansand kom godt ut av stemnet.

På laurdag var Lars J. Føyen i aksjon på 5000m og han hadde den 3.dje beste tida på førehånd. Det vart god fart ut frå start og Lars slapp teten etter ca 1200m, som bestod av dei to svenske løparane i føringa. Nokre rundar seinare delte feltet til Lars seg igejn og han hamna i den bakerste delen. På siste runde mobiliserte han kraftig og med ein siste runde på 59 sprang han inn til 4.plass med tida 15,05, og var knappe sekundet bak 3.plass.

På søndag sprang Mari Aa. Nesse 3000m hinder (Då ho sprang landskampen i 2013 var distansen 2000m hinder) og her var det roleg fart innleiingsvis. Mari var med i hovedfeltet dei første 2 rundane, men då farten vart skrudd opp måtte ho sleppa. Ho sprang inn til 5.plass med tida 11,19.

Ein flott gjennomført landskamp av våre to utøvarar.

Kontakt