Arego
kw:!support_us

Rapport KM terrengløp på Stord laurdag 21.mars 2015

22.03.2015 |Nils Hetleflåt

Årets kretsmeisterskap i terrengløp vart avvikla på Stord golfpark under fine forhold, der sola var framme heile tida, men i ein litt kjølig vind. Innlagt i arrangementet var det tradisjonelle Parkløpet for rekruttklassane og jenter/gutar 10 år. Stord IL inviterer barneskulane i kommunen til å melda på elevane sine i dette arrangementet og derfor er det ein god deltaking i desse klassane.

Stord IL fekk vinnaren av 11 årsklassen for gutar ved Jon Simon Dale Lekven , i 12 årsklassen for gutar ved Julian Skeimmeland Aasheim og jenter 12år ved Mathilde Almås. Elles vart det siger for Fitjar IKi jente 11 år ved Linnea Vestbøstad.

Her ser me frå innspurten i G-11 kor det står mellom Jon Simon Dale Lekven med startnr 433 og Ole L. Raunholm med startnr 499. 

Vinnaren av seniorklassen på 3 km var Magnus Sirnes Hjellum frå IL Gular og han vann med 17 sekund, medan Eli Anne Dvergsdal IL Gular vann dameklassen. 

 

Resultat

Kontakt