Arego
kw:!support_us

Reisebrev frå København halvmaraton

06.10.2016 |Nils Hetleflåt

Frå vår gode løpar Jacob Hystad har Stord IL-friidrett fått tilsendt eit reisebrev frå arrangementet og løpet i København:

 

Denne gong gjekk turen til København. Det næraste me kjem Syden, nord for Tyskland. Distansen var herlige 21097 meter, altså gode 2,1 mil. Den velkjende halvmaratondistansen. 
 
København halvmaraton er eit fantastisk arrangement som i år hadde over 20 000 startande løparar. Frå Stord stilte som nemnt Arnfinn Hugo Aadland og underteikna. Med oss i reisefølget på denne turen, var Osterøys mellomdistansekonge Trygve Mjelde, og milslukarane Jens Bøhmer frå Gular IL og Andreas Iden frå Gneist IL. Det var eit veldig sterkt reiselag på alle moglege måtar. Dei to frå hhv Gular og Gneist var begge under 1:10, medan "Ålen" frå Osterøy kom inn på 1:17 (nokså imponerande av ein som satsar 800m bane). Me frå Stord var, som allereie nemnt, inne på 1:13:00 og 1:16:05.
 
Løypa var paddeflat og rask. Dei siste kilometrane var dog prega av litt sjenerande vind. Temperatur og forhold elles var tilnærma optimalt. 
 
Elles kan me skryta godt av heile opplevinga kring Københavnturen. Billege flybillettar, billeg overnatting (Dan Hostel MIDT i sentrum) og eit løpsarrangement prega av topp logistikk, gjorde sitt for at me ser tilbake på turen med eit smil. Det var lett å finna fram til start og riktig pulje, og startskotet gjekk pinleg nøyaktig i henhold til tidsskjema. 
 
Etter løpet var det sjølvsagt om å erstatta væsketapet raskt og effektivt, noko København by gjorde lett for oss. Restitusjon kjem alltid i første rekke.
 
Så til totaloppsummeringa (ref. Edinburghturen)
 
Løype: 10/10
Logistikk: 10/10
Pris: 9/10
Koseleghetsfaktor (Markjamilo er 10, og Stoltzekleiven Opp er 1): 8/10
Danske folk: 8/10 (trekk for utydeleg og til dels uforståeleg tale)
 
Eit løp me anbefalar på det varmaste og blautaste!
 
Løpehelsing Jacob Hystad (forfattar) og Arnfinn H. Aadland 
 
(PS! Biletet visar eit såkalla foto-hopp. Velkjent frå ikkje reint få Sydentur-bileter med "dei beste" eller utsikt-bileter frå den norske fjellheimen)

 

 

Kontakt