Arego
kw:!support_us

Reiserapport frå treningsleir i Font Romeu i Frankrike

15.06.2015 |Nils Hetleflåt

For tida er nokre av våre løparar på høgde treningsleir i Font-Romeu i Frankrike og her kommer ein liten rapport frå Jakob Hystad.

 

Reisebrev frå Font-Romeu.

No har me tilbringt ei veke i dei franske pyrenéer, nærare bestemt Font-Romeu. Reisefølget består av Tom Erling, bror til Tom Erling, Alf Ronny, og underteikna. Me bur på eit leilighetshotell midt i den vesle landsbyen på ca. 1760 meter over havet. 

Tom Erling og eg har fått trent veldig godt, og så longt må treningsopphaldet seiast å vera svært vellykka. Me ligg i snitt på litt over 2 mil til dagen, og vekslar mellom rolege turar, hurtig longkjør og intervall. Tendensen har vore slik at dei rolege turane stort sett går på mellom 1900 - 2200 meter over havet, medan kvalitetsøktene går på 1500 - 1700 meter over havet. Ved å veksla slik kan me trøkka litt til på kvalitetsøktene utan at det kostar for mykje. 

Kvalitetsøktene så longt, har bestått av 20 x 1 minutt, 8 x 4 minutt og ei økt med hurtig longkjør i motbakke. Dei to førstnevnte gjekk på flatmark på 1550 moh ved Maltmale, eit vatn ca. 15 min køyretur unna der me bur. På motbakkeøkta vart me køyrt ned til 1200 m.o h, og sprong samanhengande ca 450 høgdemeter fordelt på 9,5 km opp til hotellet. Her låg me kontrollert rett under den anaerobe terskelen i 45 minutt, og begge kunne konstantera at dette var ei økt for menn med hår på brystet. På desse øktene har Tom Erling hatt hakket høgare snittfart enn underteikna, noko eg finn meg fint i. 

 

Ellers kan eg fortelja følgande om oppholdet; véret har vore skiftande mellom tyngre regnbyger, og strålande sol. Temperaturen ligg på mellom 10 og 20 grader (ideel treningstemperatur), og fantastisk flotte treningsløyper. 

Då shoppingmoglegheitene er begrensa i Font-Romeu, tok me laurdag liksågodt ein biltur til det vesle fjellandet Andorra. Her slo me oss laus og shoppa til bankkortet lukta svidd. 

 

Alf Ronny og Tom Erling i Andorra

Elles går fritida til å slappa godt av mellom øktene. Utan tilstrekkelig restitusjon, vil heller ikkje treninga absorberast godt nok. Av rolege restitusjonsaktivitetar, kjem me ikkje utanom Tinder. Me har sjølvsagt logga oss inn, og me har fått god oversikt over kva Pyreneene og området rundt, har å by på. Eg kan avsløra såpass at begge to har pågåande prosjekt her.. 

Tysdag vert siste treningsdag for oss ilag. Då har me planar om to kvalitetsøkter, den seige motbakkeøkta + noko form for kortintervall. Onsdag reiser både Alf Ronny og eg tilbake til Norge. Då køyrer Tom Erling oss til flyplassen i Barcelona. Her vil han setja oss av, men dreg ikkje tilbake til Font-Romeu åleina. Veslebror Harald står klar til å overta stafettpinnen. Dei to blir værande til 27.juni, og har planar om å få plotta inn mange fleire kilometer før det. 

Avslutningsvis kan eg seia at det herskar litan tvil om at me skal tilbake her. Me håpar sjølvsagt å få med oss fleire neste gong, og vil anbefala alle dei løpsglade folka i klubben å bli med. 

Au revoir, bon apetitt, merci!

- Jacob Hystad

 

(Biletet av oss to foran Maltmale, er frå 8 x 4 min-økta. Tom Erling holdt ein snittfart på 3:17 pr. km. underteikna ca 3:24. Biletet av Tom Erling og Alf Ronny er frå shoppingturen i Andorra. Siste biletet er av Tom Erling i lette klyv på første økta me hadde)

 

Kontakt
Kalendar