Arego
kw:!support_us

Resultat 1.dag frå Mailekene i Haugesund

27.05.2018 |Nils Hetleflåt

Mange sterke Stord resultat frå første dag av Mailekene i Haugesund laurdag 26.mai. Her kommer ein kort oppsummering:

På nasjonalt plan så står nok Jacob Vaula sine løp på 100m med tidene 11,20 og 11,22, der begge løpa er under gamal pers, i gutar 17 år sterkaspersonleg rekordt. Det holdt til seier i begge løpa. Ariel Christensen (13) vann 60m i sin klasse med tida 8,62 og var 8 hundredelar foran nr 2 i klassen. Sofie Skard (14) delte 1.plassen i høgde med resultatet 1,51m og sprang langt under persen sin på 60m då tida stoppa på 8,58 i forsøket, men vindmålaren viste dessverre +2,3 m/s. Finalen stod ho over pga ein liten skade i kneet, men ho er klar for 60 m hekk i morgon.

Mathilde A. Amundsen (12) vann liten ball med resultatet 40,28m, som er ny pers. Ho satte i alt 5 personlege rekordar i dag, dvs i alle øvelsane ho deltok på. Emanuel Christensen (12) kaste 36,99m i liten ball og det holdt til 3.plass i klassen. Mathias Fjølstad (10) debuterte med resultata 12,20 på 60m og 16.24m i liten ball.

Alle resultat finn ein på http://webres1.andro.no/Mailekene/2018/

 

Kontakt