Arego
kw:!support_us

Resultat 1.dag frå Pingvinlekene

31.01.2015 |Nils Hetleflåt

Dei to stordabuane som deltok på første dag av Pingvinlekene i Leikvanghallen, Ida Holm Neset (12) og Lars Lunde (18) gjorde sine saker svært godt.

På 60m for jenter 12 år vart Ida nr 4 med tida 9,14, som var ny personleg rekord med 8 hundredeler. Totalt var et med 38 løparar i denne øvelsen.I lengdepsrang strekte Ida seg til 3,92m og det gav ein flott 5.plass av totalt 28 deltakarar og nok ein ny personleg rekord.

Lars Lunde stilte i menn senior på 1500m og han kom inn til 2.plass med tida 4,00,92 som er ny innandørs pers. På dette løpet fulgte Lars IL Gular sin sterke distanseløpar Marius Vedvik frå start av og passering 400m på 59,7 viste at farten var høg. Ved passering 800m på 2,03,1 hadde han sluppe ca 15m til Marius, men han gjennomførte resten av løpet teknisk godt sjølv om det vart tungt.

I opent KM i Rogaland i Haugesund sprang Mari Aarskog Nesse inn til tida 10,47,74 på 3000m og det holdt til 2.plass. På 800m sprang Asbjørn Lunde dy inn til 6.plass med tida 2,11,47 og ny årsbeste.

Kontakt
Kalendar