Arego
kw:!support_us

Resultat 2.dag Bergenslekene 2017

07.10.2017 |Nils Hetleflåt

Det var fine forhold som møtte utøvarane på andre dag av Bergenslekene på Leikvang denne søndagen.

Julian Skimmeland Aasheim (14) starta dagen i høgdesvingen, men han gjorde sin debut på 100m hekk i gutar 15 før han avslutta høgdekonkurransen. I begge øvingar vart det sterke resultat, på 100m hekk sprang han på 14,31s (nest beste resultat i Noreg gjennom alle tider) og i høgde hoppa han 1,73m som var ny pers.

Sofie Skard (13) starta med 60 m hekk og ho kom inn på tida 11,34s som gav 4.plass  i klassen. I høgde konkurransen fekk ho god uttelling og flytta persen sin 3 cm høgare til flotte 1,44m og det gav 2.plass i jenter 13år.

Erlend Kringeland (14) sprang 200m og kom inn på tida 27,10s og det gav 8.plass i klassen.

Andreas Kringeland (9) sprang 40m på tida 7,82s og i lengde vart resultatet 2,98m

Kontakt