Arego
kw:!support_us

Resultat andre dag i Vasa på ETC

25.06.2017 |Nils Hetleflåt

Tom Erling Kårbø vart godt presentert av Jann Post i NRK når han stod på startstreken til 3000m hinder under andre dag av ETC i finske Vasa.

I det startskotet vart fyrt av så la han seg litt bak i feltet og vart sperra inne i første del av svingen slik at han kom langt bak tettrioen som stakk av i god fart. Heldigvis så var Tsenov frå Bulgaria i same situasjon og saman så jobba dei seg opp til teten etter ca 2000meter. Tom Erling hang med til siste runden starta, men den fartsauken som Ole Hesselberg frå Danmark satte opp på siste runden var ikkje Tom Erling i nærheten å svara på i dag. Dermed sprang han inn til 5.plass med tida 8,45,87. Eit solid gjennomført løp av Tom Erling.

Neste løp vert no 3000m hinder i svenske Sollentuna førstkommande torsdag der det er fleire løparar som ligg rundt persen til Tom Erling og der målet er å springa under det magiske kravet 8,32,00. Løpet vert vist live på ein svensk tv kanal.

Kontakt
Kalendar