Arego
kw:!support_us

Resultat bruløpet og 1/2-maraton 7.juni 2017

07.06.2017 |Nils Hetleflåt

Det var eit flott vër som møttte løparane på dagens bruløp og halvmaraton, ca 18 grader varmt og litt drypp frå oven , samt eit lite vindpust. På halvmaraton var det 21 løparar som møtte opp til start, medan 43 løparar stilte opp på 10 km..

Årets vinnar på halvmaraton i herreklassen Sjur Ferkingstad representerer Stavanger friidrettsklubb og han tilbakela distansen på 1,19,14 og han vann med litt over 5 min. I kvinneklassen var det Mona Tyssøy som sprang fortast på tida 1,46,16 min og ho var litt over 2 min føre nr. 2 i klassen. Begge vinnarane kunne reisa heim med kvar sin salma laks i premie, som vart sponsa av Bremnes seashore. 

På 10 km var det Lars Lunde som stakk av med seieren på tida 34,37 min og han vann med 9 sekund foran Arne Jordåen og med Vegard _Havn på 3. plass med tida 36,40 min. Alle desse tre representerer Stord IL-friidrett. I kvinneklassen var det Katrine Hillestad som vann med tida 42,55 min og ho var litt over 3 min foran nr. 2 i klassen som var Ragnhild Lien med tida 46,13 min.

Alle resultat finn du ved å trykka her

Kontakt