Arego
kw:!support_us

Resultat Djupadalten 2017

22.10.2017 |Nils Hetleflåt

Det var god temperatur, men ein sjenerande vind som møtte deltakarane i Haugesund då Djupadalten var på dagsplanen. Totalt var det 855 deltakarar som fullførte ldet 9,3 km lange løpet .

Lars Lunde var den raskaste løparen frå Stord då han sprang inn til tida 30,30 min og det holdt til 5.plass i seniorklassen, som vart vunne av Ørjan Grønnevig, Skjalg IL på tida 29,36 min. Ole Christer Kvellestad forbetra seg med over 2 min frå i fjor då han kom inn til tida 34,47 min og det gav 19 plass i klassen for menn og 5.plass i klasse 17-19. Tidlegare Stord løpar Kim B. Laitinen sprang på tida 32,57 min.

I kvinneklassen sprang Pernilla Eugenie Epland inn til 1.plass med tida 33,21 min som var ei forbetring av tida frå i fjor med 1,06 min. Ho var suveren og vannn med 1,24 min foran nr 2 Maryna Novik, IF Klypetussen som kom inn på 34,45 min. Katrine Hillestad sprang inn til 6.plass i kvinneklassen med tida 38,56 min i sin debut på dette løpet.

Fullstendig resultat liste finn du her: http://live.eqtiming.no/37125?focusuid=34712#result:129574-0-976081-1-1-

 

Kontakt