Arego
kw:!support_us

Resultat Djupadalten i Haugesund

22.10.2016 |Nils Hetleflåt

Under dagens løp Djupadalten i Haugesund var det flotte forhold med sol, nær vindstille og ein fin temperatur på rundt 12 grader. Totalt var det nær 1000 påmedlte til løpet og for Stord IL sine løparar gjekk det veldig bra.

I kvinneklassen opna Pernilla Epland hardt og ho fekk tidleg ei luka på sin sterkaste utfordrar, som var Maryna Novik, og denne holdt ho gjennom heile løypa og auka den og litt mot slutten. Vinnartida 34,27 min på det 9,3 km lange løpet var sterkt og avstanden vart tilslutt på 17 sekund.

I herreklassen var det Arnfinn Aadland som imponerte med sitt sterke løp på 31,47 min og totalt 14.plass i løpet. Dette var bare 3,20 min bak total vinnaren Ørjan Grønnevig, som er i norgestoppen på lange løp. Trym Hals Gurigard kom inn på tida 35,05 min og Ole Christer Kvellestad på 37,02 min

Fullstendig resultatliste finn ein her: http://live.eqtiming.no/25351?focusuid=31678#result:89226-0-899633-1-1-

 

Kontakt