Arego
kw:!support_us

Resultat Fitjardalten 2017

22.10.2017 |Nils Hetleflåt

Fleire Stord løparar stilte opp på dagens utgåve av Fitjardalten. Vêret var bra, men ein sjenerande vind gjorde sitt på løpsstidene. Totalt var det 53 deltakarar som fullførte dei 6,3 km.

Vinnar av løpet var Lars Lunde, som med tida 19,38 min var 2 sek bak løyperekorden sin frå 2015. Han vann med 58 sek foran Sindre S. Omvik, Rosendal Turnlag. Nest beste Stord løpar vart Vegard Havn på 5.plass med tida 22,33 min, noko som er ei forbetring med over 20 sek frå 2016. Elles sprang Erik Nilsen Onarheim inn til tida 24,05 min og 8.plass, medan Erlend Kringeland sprang inn til 24,47 min og 9.plass.

I kvinneklassen sprang Katrine HIllestad inn til tida 25,29 min og 2.plass, 38 sek bak vinnaren Nina Aarbø Olsen, Fitjar IL. For Katrine var det rundt 1 min raskare enn 2016 og ho fortsetter den gode framgongen på løp som ho har vist i 2017.

Resultata finn du her: http://live.eqtiming.no/38423?focusuid=36495

 

Kontakt