Arego
kw:!support_us

Resultat frå første dag på Bergenslekene, 30.september

30.09.2017 |Nils Hetleflåt

Det vart mange flotte resultat av Stord IL-friidrett sine utøvarar på første dag av Bergenslekene, som vert avvikla på Leikvang stadion med Hovding, Bergens Turn og Gular som arrangørar.

Først i elden var Julian Skimmeland Aasheim (14) på 200m hekk og sjølv med ein motvind på 1,4 m/s vart det ny personleg rekord med tida 27,06s og siger. 40 min etter var han på plass i startblokka igjen og då var det 100m som stod for tur. Her enda han opp på 2.plass med tida 12,48 i ein motvind på 1,4m/s, kor vinnaren sprang inn til tida 12,10s.

Neste i aksjon var Ariel Christensen (12) som stilte i J-13 på 100m og det enda med ein 6.plass i det sterkaste heatet og ein total 8.plass med tida 14,43 i 2,2 m/s motvind og 8 små hudredelar bak pers. 45 min seinare var ho klar på 60m i J-12 og her vart det siger med tida 8,93s i motvind 1,6 m/s.

Sofie Skard (13) var først i aksjon i spyd og med resultatet 19,17m vart det 2.plass i konkurransen. På 600m var det klart for årsdebut og det resulterte i ny pers med tida 2,10,92 og 8.plass i klassen.

Alle resultat finn d uher: http://bergenslekene.no/wp-content/uploads/2014/04/Resultatliste-L%C3%B8rdag-5.pdf

 

Kontakt
Kalendar