Arego
kw:!support_us

Resultat frå kretsstemne i Haugesund onsdag 7.februar

09.02.2018 |Nils Hetleflåt

Det vart oppnådd mange nye personlege rekordar av Stord utøvarane på kretsstemnet som Haugesund IL arrangerte på onsdag 7.februar i Deep Ocean Arena. 

Sofie Bjelland Løkhammer (13) starta med 3,33 m i lengde før ho sprang 60 m på 9,95s og med det kom under 10 sekund for første gong i karrieren. På 60m hekk sprang Per Gregersen (48) på tida 10,67 og årsbeste, medan Oddvar Hårde (49) fekk opp eit støt på 11,09m i kula og satte med det årsbeste. 

Jacob Vaula (17) var i aksjon på 60m og med tida 7,27 vart det seier og årsbeste på han, medan han sprang inn til 23,84 (årsbeste) og 2.plass på 200m. På 1500m var det bare Stord løparar som sprang og det vart 4 persar, Jacob Thomsen (35) vann på tida 4,27,99 foran Erik Nilsen Onarheim (23) på 4,36,23, Erlend Kringeland (15) på 3.plass med tida 4,43,20 og Max Bloch (16) på 4.plass med tida 4,56,49

Kontakt