Arego
kw:!support_us

Resultat frå mosjon- og motbakkeløp

15.09.2016 |Nils Hetleflåt

Lars Lunde har vore med på mange mosjons- og bakkeløp denne månaden.

Laurdag 3.september vann han Åkrafjordsløpet på 7km, som i år var lagt om pga rasfare i deler av den opprinnelege løypa. Dagen etter var han på plass i Sluseløpet i Tysvær kommune og i det  4,5 km lange løpet vann han med tida 15,10 min og var 8 sekund foran nr.2.

Laudag 10.september sprang "Først til mølla" på Fitjar, sjå annan reportasje, og dagen etter sprang han Langadalen Opp på Søfteland kor han sprang inn til 3.plass. Sjå reportasje på bladet Kondis: http://www.kondis.no/espen-roll-karlsen-tok-sin-fjerde-strake-i-langedalen-opp.5906291-127693.html

På onsdag 14.september sprang han 1500m på Fana stadion og kom inn til tida 4,02,66 og 11.plass i heatet.

Kontakt