Arego
kw:!support_us

Resultat frå NMC på Bislett 28.6.2015

03.07.2015 |Nils Hetleflåt

På det 2.stemnet i stemnekarusellen Norwegian Milersclub på Bislett søndag 28.juni stilte følgande frå Stord IL opp på startstreken, Thomas M. Heggøy, Harald Kårbø og Lars Lunde.

Thomas kom i c-heatet på 800m og han var i leiing etter den første runden som gjekk unna på 56,6. På siste runden vart han passert av ein løpar og med tida 1,56,16 vart det ny sesongbeste og 2.plass i feltet.

Harald kom i a-heatet på 5000m og etter ein frisk opning med 2,53 på første 1000m, gjekk det tyngre etterkvart . Han sprang inn til tida 15,02,17 og 14.plass i heatet.

Lars hamna i b-heatet på 5000m og her var farten litt lågare i starten. Passering var på 2,57 første 1km, deretter 5,59 på 2 km, 9,01 på 3 km og 12,05 på 4 km. Siste 1000m gjekk noko raskare og han sprang inn til tida 14,52,71 og 2.plass i heatet.

Kontakt