Arego
kw:!support_us

Resultat frå Pingvinlekene

20.02.2019 |Nils Hetleflåt

I helga var det fleire Stord utøvarar i aksjon på Pingvinlekene som vart arrangert av Gneist IL i Leikvanghallen.

Laurdag 16.februar var Eirik Natvik (14) første mann i aksjon på 60m og på dette løpet braut han ein barriere ved å springa på 7,93sekund og dermed under 8 for første gong. Med denne tida så vann han 14-årsklassen med 3 hundredelar.

Neste i aksjon var Jacob Vaula som stilte i seniorklassen på 60m og med tida 7,08 sprang han inn til 3.plass i klassen. Sverre Stautland (14) debuterte på 1500m og han sprang inn til tida 5,11,80 og det holdt til 8.plass i klassen. Lars Lunde stilte i seniorklassen og her var det fartshaldar dei første 1000metrane og det var bare Lars som greidde å følgja. Dei siste 500m vart det solo løping i front og han kom inn til ny pers på 3,55,09, og han vann med over 3 sekund.

Jacob Vaula årsdebuterte på 200m og han sprang inn til ny pers med tida 22,86 og det holdt til 4.plass på distansen. Eirik Natvik (14) vann heatet sitt på 200m med tida 26,10, som er ny pers,  og Sverre Stautland (14) sprang inn til ny pers med tida 31,04. Totalt gav det 2.plass til Eirik og 13.plass til Sverre.

Søndag 17.februar var det AnnaSolheim (15) og Sofie Skard (15) som stilte frå Stord IL. På 60m hekk vann Anna med tida 9,54 som er ny pers med 5 hundredelar, medan Sofie sprang inn til 3.plass med tida 9,69. I høgde vann Anna med resultatet 1,50m og Sofie kom på 2.plass med resultatet 1,45m.

Kontakt
Kalendar