Arego
kw:!support_us

Resultat frå Pingvinlekene 2018

11.02.2018 |Nils Hetleflåt

Stord sine utøvarar gjorde sine saker sterkt på Pingvinlekene i Leikvanghallen i helga. Det starta på laurdag med Jacob Vaula (17) som sprang inn til 2.plass på 60m med tida 7,35s og som litt seinare på dagen sprang inn til årsbeste på 200m med tida 23,73 og det gav 3.plass i klassen.

På søndagen var Sofie Skard (14) først i aksjon på 60m hekk kor ho med tida 10,33s sprang inn til 2.plass og ny pers. I høgde konkurransen vann ho med resultatet 1,50m, som er tangering av persen hennas. Andreas Kringeland (10) sprang inn til ny personleg rekord på både 40m og 200m med tidene 7,50s og 35,78s. Erlend Kringeland (15) sprang inn til 2.plass på 600m med tida 1,33,08 og satte ny pers med over 3 sekund.

Kontakt