Arego
kw:!support_us

Resultat frå seriestemne torsdag 18.mai

21.05.2017 |Nils Hetleflåt

På torsdagens treningsstemne på Fana stadion, under flotte forhold var Lars Lunde første stordabu i aksjon. På 800m kom han inn til 4.plass med tida 2,01,  etter ein første runde på ca 59,5.

På 3000m starta alle løparane i 1 heat og det var totalt 35 løparar på startstreken. Tom Erling Kårbø hang på teten frå start av og farten var ca 8,03. Lenger bak i feltet var Jacob Hystad kor farten indikerte ei sluttid på ca 8,55. Etter at haren gav seg for tetkvintetten rundt 1600m vart det ein tempoauke som Tom Erling ikkje klarte å henga med på. Han sprang i mål på tida 8,14,19 og vart nr 4, medan Jacob fekk det blytungt som han sa etter 2000m og han gav seg knappe 400m seinare.

 

Kontakt