Arego
kw:!support_us

Resultat Fredsstafetten 2017

04.05.2017 |Nils Hetleflåt

Under dagens Fredsstafett for 5.-7.klasse skinte sola på alle deltakarane og løpsforholda var ideelle. Totalt var det 18 klasselag som stilte opp, fordelt på 8 lag i 5.klasse, 6 lag i 6. klasse og 4 lag i 7.klasse.

I 5.klasse var eit tett og jamnt oppgjer mellom Leirvik skule 5b 1-lag og Tjødnalio 5.klasse og til slutt skilde det 0,1 sekund i favør laget frå Leirvik skule.

For 6.klasse var det tidleg ein kvartett som skilde seg ut, men etter kvart så fekk laget frå klasse 6a på Hystad eit overtak og dei kunne springa i mål med ein margin på 2 sekund.

I 7.klasse stakk Tjødnalio tidleg i frå konkurrentane og gjekk til slutt av med sigeren, kor marginen ned til 2.plass vert på 5 sekund.

Resultat Fredsstafetten 2017:

 

5.kl

  1. Leirvik 5B lag 1 3.15.2 min
  2. Tjødnalio 5.kl 3.15.3
  3. Leirvik 5A lag 1 3.19.6
  4. Langeland 5A 3.24.1
  5. Sagvåg 5.kl 3.34.6
  6. Leirvik 5A lag 2 3.37.4
  7. Leirvik 5B lag 2 3.41.4
  8. Langeland 5B 3.46.1

 

6.kl

  1. Hystad 6A 3.04.8 min
  2. Tjødnalio 6.kl 3.06.8
  3. Rommetveit 6A 3.07.0
  4. Langeland 6B 3.07.3
  5. Leirvik 6B 3.23.3
  6. Langeland 6C 3.31.4

 

7.kl

  1. Tjødnalio 7.kl 2.57.2 min
  2. Rimbareid 7.kl 3.02.2
  3. Langeland 7A 3.06.0
  4. Sagvåg 7.kl    3.17.1
Kontakt