Arego
kw:!support_us

Resultat Gneistspelen 2017

20.08.2017 |Nils Hetleflåt

Under årets Gneistspelen som vart arrangert på Fana stadion i helga var det fleire utøvarar frå Stord Il-friidrett som deltok.

På fredag var Lars Lunde i aksjon på 1500m i klasse menn senior og det endte med 2.plass etter eit lureløp. Tida vart 4,07,40 og med det var han 61 hundredelar bak vinnaren Vidar Dahle frå Gular IL. 

På laurdag var følgjande i aksjon: Jacob Vaula (16), Tone S. Brakedal (18) og Sofia Skard (13) og det var sure forhold i det regnet hølja ned. Jacob sprang inn til 2.plass med tida 11,71 på 100m, medan Tone hoppa 5,07m  i lengde og det holdt til seier i sin klasse. Sofie hoppa 1,36m i høgde og det gav 2.plass, i spyd vart det ny pers med 21,02 m og ein ny 2.plass, medan det på 60m vart tida 9,43 og det gav 8.plass.

 På søndag var det Julian S. Aasheim ( 14) og Tone som var i aksjon. Julian vann begge sine øvinger høvevis 80m hekk på 11,86 som er ny pers med 8m avstand mellom hekkane og  på 200m med tida 24,55 som og er ny pers. Tone sprang 100m hekk på 15,07 og vann med de tklassen. Tida var like bak persen som er på 15,02s.

Kontakt