Arego
kw:!support_us

Resultat Great Edingburgh Run 17.4

17.04.2016 |Nils Hetleflåt

Dei to Stord løparane Jacob Hystad og Arnfinn Aadland gjennomførte i dag Great Edinburgh Run som er på 10 miles (16,095 km). Jacob fullførte på tida 56,02 min og plasserte seg som nr. 8, medan Arnfinn sprang inn til tida 59,15 min og plasserte seg som nr 15 i løpet. Totalt var det 3276 fullførande løparar. Vinnartida i løpet var på 51,11 min 

Jacob kunne rapportere om ei skikkeleg kupert løype og ein ganske sjenarande vind. Begge løparane var overraska over kor kupert løypa var, men dei var godt fornøgd med gjennomføringa og slutt tida dei fekk.

Kontakt