Arego
kw:!support_us

Resultat Karabinlekene 2019

12.05.2019 |Nils Hetleflåt

I helga har Karabinlekene gått av stabelen på Fana stadion og frå Stord IL-friidrett har følgjande deltatt: Julian SKimmeland Aasheim(16), Sofie Skard (15) og Eirik Natvik (14).

På fredag var Julian først i aksjon og han konkurrerte i 17-årsklassen då han sprang 400m hekk (84cm). Dette var debuten på øvelsen for hans vedkommande og han opna friskt og hadde passert alle konkurentane etter 200m, men han fekk kjenna på den friske opninga og stivna kraftig på oppløpssida. Han kom inn på 2.plass i klassen med den gode tida 57,30.

Sofie Skard deltok først i høgde og ho vann denne øvinga med resultatet 1,47m. Dette er litt under persen, men etter å ha slitt med teknikken i lang tid var dette eit steg i rett retning. På 60m sprang ho inn til tida 8,61 og kom på 4.plass.

På laurdag sprang Sofie inn til seier på 80m hekk (76) med tida 12,97s og det var ein klar forbetring av persen, då den gamle var på 13,35. 

Eirik er klar for sine første Karabinleker på søndagen og det på 200m. Han sprang inn til 3.plass med tida 25,39 i svak medvind på +0,3 og satte ny personleg  rekord med over 7 tidelar. 

 

Kontakt
Kalendar