Arego
kw:!support_us

Resultat løp 2 i Tour de Stord 2.mai

02.05.2015 |Nils Hetleflåt

På dagens jaktstart i Leirvik sentrum vart deltakarane møtt av flott solskinnsvêr og ein temperatur på ca 13-14 grader. Tom Erling Kårbø sprang først ut med eit forsprang på 11 sek til Lars Lunde. Deretter fulgte løparane på ei snor. Etter passering første runde på 1200m var Lars knappe 2 sekund bak, men med rutinen til Tom Erling så auka avstanden til 22 sekund etter at løpet var unnagjort. Totalt stilte det opp 15 løparar på dagens jaktstart.

I morgon startar Tour de Stord kl 12 ved Lundssæter kraftstasjon

Her er resultatlista frå dagens løp:

Kontakt