Arego
kw:!support_us

Resultat NM terrengløp lang løype på Bratsberg 14.oktober

19.10.2018 |Nils Hetleflåt

Under somartemperatur vart NM terrengløp lang løype arrangert på Bratsberg i Trondheim med flotte løpsforhold og ei god løype. Først i aksjon var Erlend Kringeland som spring i gutar 15 og dei starta i lag med 16- og 17 åringane på 4 km. Dei sprang 4 rundar i ein1 km runde og totalt var det 37 løparar på startstreken kor 16 av dei konkurrerte i 15 årsklassen.

Erlend tok det litt roleg ut frå start og ved passering første runde var han på 23.plass i feltet og 7.plass i klassen. På dei neste rundane avanserte han i feltet og etter 2 rundar var han nr 21 og 7 medan etter 3 rundar passerte han som nr 17 og 5. Ved passering etter 4 rundar var han oppe på 15 plass i feltet og 4 i klassen og på dei siste 180m inn til mål sprang han seg inn til 14.plass i feltet og 4.plass i klassen. Eit godt disponert løp av Erlend som var 7 sek bronseplass og 32 sek bak vinnaren.

I kvinneklassen kor Pernilla starta var det totalt 32 startande løparar og det bestod av 27 løparar i kvinner senior og 5 løparar i veteranklassane. Allerede etter 1 runde var det eit felt beståande av 6 løparar som skilt seg ut frå hovudfeltet og blant desse var Pernilla som passerte som nr. 4. Stillinga hooldte seg på den andre runda medan ved passering etter 3 runder var det skilt seg ut ein trio og denne trioen hadde Pernilla sluppet og ho låg no i lag med Heidi Pharo og bak kom ei jagande Eli Anne Dvergsdal. Etter 4 rundar var stillinga den same som ved passering 3 rundar, men Eli Anne hadde nærma seg duoen Epland/Pharo. Ved passering 5 rundar var det ein tettrio og trio som kjempa om 4.-6.plass i løpet. På den siste runda hadde Eli Anne mest krefter igjen i den jagande trioen og ho sprang i mål på 4.plass medan Pernilla kom inn på 5.plass. Vinnar vart Sigrid Våg, BUL, foran Maria Sagnes Wågan, Nmadal løpeklubb og Silje Fjørtoft, Ullensaker/Kisa IL

Fullstendig resultatliste finn ein her: https://live.eqtiming.com/43834#result:162794-0-0-1-1-

Kontakt