Arego
kw:!support_us

Resultat Nornalekene 2015

25.01.2015 |Nils Hetleflåt

Under helgas Nornaleker i Leikvanghallen med innlagt KM oppnådde Stord sine utøvarar mange gode resultat.

I jenter 12 år fekk me kretsmeisteren på 600m kor Ida Holm Neset sprang inn til tida 1,57,14 (p) og på 3.plass kom Maria Nerhus Bjelland med tida 1,58,74 (p). Etter at dei ifjor sprang mange "lure" løp på 600m, hadde Ida denne gong bestemt seg for ein skikkeleg opning. Så med passering like under 34 sek på første runden var feltet sprengt og sjølv om dei nærma seg på 3 runden holdt ho unna. Knappe 3 timar var begge jenten i aksjon på 200m og her sprang dei inn til nye persar og høvevis 4. og 5. plass med tidene 31,54 på Ida og 32,00 på Maria.

 

I seniorklassen for menn sprang Thomas M. Heggøy inn til 2.plass på 800m med tida 1,58,14 og Lars Lunde på 4.plass sprang på 1,59,52. Thomas måtte springe i b-heatet og var ein klar vinnar av det løpet medan Lars sprang inn til 3.plass i a-heatet.  På dagens 3000m vart det ny personleg rekord på Lars med tida 8,35,01 og det holdt til 2.plass på løpet, knappe 1,4 sek bak vinnaren. Han forbetra tida si frå fjorarets utandørssesong med over 5 sek.

Alle resultat finn du her: http://nornalekene.no/resultatservice/

 

Kontakt