Arego
kw:!support_us

Resultat sentrums stafetten 9.april 2016

10.04.2016 |Nils Hetleflåt

Det var eit strålande vêr som møtte deltakarane på dei ulike klasselaga på sentrums stafetten denne laurdagen. Starten var ved Kulturhuset og målgang ved pavilijongen ved Frugård Bakeri. Med 38 lag og 4 løparar på kvart lag så var  det totalt 152 løparar som skulle i aksjon.

Den største klassen var 4.klasse med 15 lag og dei var fordelt over 2 heat. I det første heatet vart det svært jamnt mellom Leirvik skule 4a-1 lag og Leirvik skule 4b-1lag og til slutt slkilde det bare 4 tidelar mellom dei i mål. I det 2.heatet var det Langeland skule 4-3 lag som vann med 1 sek føre Leirvik skule 4a-2lag. Totalt var det Leirvik skule 4a-lag som vann.

I 5 klasse var det 9 lag og dei vart delt opp i to heat pga det er så trangt  i startområdet. I det første heatet var det Langeland skule 5b som gjekk av med sigeren, vel 2 sek føre Leirvik skule 5a-1 lag. I det 2 heatet var det Leirvik skule 5b-2 lag som vann føre Leirvik skule 5a-2 lag. Totalt var det Langeland skule 5b som vann Leirvik skule 5a-1 lag.

I 6. klasse var det 12 lag og dei vart delt i to heat, 1 heat med 7 lag og 2 heat med 5 lag pluss 7 klasse som bestod av 2 lag. I det første heatet var det fjorårets vinnar av 5.klasse Tjødnalio 6-1 lag som stakk av med sigeren, knappe 2 sek føre Leirvik skule 6b-1 lag. I det 2. heatet var det Leirvik skule 6a-2 lag som vann heatet etter ein spennande avslutning føre Langeland skule 6ab, Tjødnalio 6-2 lag og Tjødnaliio 6-3 lag.

I 7.klasse vart det siger til Langeland skule 7-1 lag føre Langeland skule 7-2 lag.

Alle deltakarane fekk etter stafetten utdelt kvar sin is, medan vinnarlaga får gratis pizza til klassen.

 

Her er resultata frå sentrumstafetten:

Kontakt